Ysteutstyr

Ystebui sel kulturar og diverse småutstyr
Frå 2009 overtok Ystebui sal av ystevarer til gardsostprodusenter etter Norsk Gardsost. Medlem i Norsk Gardsost får 20% rabatt, og støttemedlem 10% ved kjøp av varer frå Ystebui.
Ystebui er forhandlar for desse franske firma: Elecrem, Chr. Hansen, Coquard og Laboratoires Humeau. Belgiske kinner tek me òg inn

Bestilling:
epost: ystebui@gardsost.no
tlf 970 16 334
Prisliste

Kortfatta skildring av innhald i og bruksområde for syrekulturar (mesofile og termofile, direkte og dyrkingskulturar), vernekulturar og modningskulturar

Her finn du datablad m.a. med garanti for GMO-frie råvarer for kulturar/ingrediensar vi sel

Ystebui har ein ystekjel på 150 liter til utleige. Me har òg ein Oso ystekjel til sals. Han er på 300 liter med varmeelement.

Andre leverandørar av ysteutstyr

Diverse ysteutstyr får du hjå ysteriutstyr.no

Små stålmjølkespann på 3 og 5 liter får ein kjøpt frå http://www.nordpost.no/

Sogn jord- og hagebruksskule har eit 150 l ystekar til utleige, kontakt

Bole sel utstyr frå Milky, og har ein omfattande katalog med ysteriutstyr liggande på nettet. (Ystekjelane er ikkje tilpassa norsk strømspenning)

Rinna Ekologisystem v/Sylve Andersson, Särstad, 590 16 BOXHOLM i Sverige forhandlar ysteutstyr frå Grob AG i Sveits. Dei hjelper til med å planlegge ysteri og kan arrangere studiereiser i Sveits for å vise utstyret i bruk. Dei sel òg utstyr til isproduksjon. Dei har levert utstyr til Eiker gårdsysteri, Hemsegarden, Voll ysteri, Orkladal ysteri, Derinngarden og Grøndalen Gårdsmeieri. Tel: +46 (0)142 720 55. Mobil: +46 070 57 22 55. Videreformidler utsyr frå eit Slovensk firma, www.plevnik.si
Heimesida er informativ og har engelsk tekst.

Rademaker ystekar: tel 00 31 0297 59 32 61 eller 00 31 0297 59 32 13. e-post til Rademaker

Utstyr til ølbrygging frå www.brygging.no kan vera fint for den som ystar òg, t.d. propanbrennar.

www.elvathun.no sel utstyr til foredling av frukt, noko av dette er eigna til mjølkeforedling òg

www.hjemmeproduktion.dk sel utstyr som egnar seg til liten produksjon / prøveproduksjon

www.nessemaskin.no sel separatorar og kinner og småutstyr til ysting. Klikk på "Matproduksjon - utstyr" og velg underkategori