12. sep. 2015

Resultat frå NM i lokalforedla mjølkeprodukt 2015

Kokost frå Nordbrenna Gård vart årets produkt under NM 2015. Vi gratulerer Cato Mellum og Roy Lervik med sigeren! Landbruksminister Sylvi Listhaug delte ut prisen under åpning av Matstreif i Oslo 11.september. Om lag 190 produkt frå rundt 50 produsentar var med i NM totalt, og kvaliteten var betre enn nokon gong. Nytt av året var klassen for iskrem. Ei utstilling av alle deltagande produkt er å finne på Matstreif i Oslo 11. - 12. september. 

I denne konkurransen heng medaljane høgt. Sjølve bedømminga var på torsdag 10. september. Og dommarane delte ut medaljar etter desse kriteria
Gull: produkt som verkeleg skil seg ut som særs vellukka og særprega både i smak og andre eigenskapar. I ein klasse for seg, ein kan vanskeleg tenke seg noko betre i denne kategorien av ost/mjølkeprodukt
Sølv: i tillegg til at produktet er meir enn vanleg godt, har det ein karakter, som skil det frå andre produkt og gjer det til ein god representant for matmangfaldet vårt.
Bronse: god, ”feilfri” smak, men ikkje noko særpreg som skil produktet spesielt frå vanleg gode mjølkeprodukt.



Her finn du heile premielista