18. jun. 2015

Omsetning av rå mjølk

Etter at Gustav Koot vart arrestert for omsetning av rå mjølk, har Norsk Gardsost og fleire andre organisasjonar senda oppmoding til Helse- og omsorgsdepartementet om å gå gjennom regelverket for omsetning av rå mjølk på nytt. Sist regelverket var under revisjon, stoppa det heile opp hjå HOD, og regelverket vart uendra. Slik at det framleis berre er lov til å omsette rå mjølk tilfeldig, og direkte til forbrukar. Med nye forbrukartrendar og auka etterspurnad etter rå mjølk, ser organisasjonane at det er behov for å lage eit regelverk som gjer salget lovleg og kontrollerbart. Oppmodinga kjem frå Norges Bondelag, Norges Bonde og småbrukarlag, Oikos, Biodynamisk forening og Slow Food, attåt Norsk Gardsost. Les brevet som er senda her.