10. nov. 2014

Ny forskrift om merking av mat

Matinformasjonsforordninga er meint å tre i kraft frå 13.desember 2014. Forordninga er meint å gjera det enklare for forbrukaren å forstå kva maten inneheld. Ei stor forandring med det nye regelverket, er at alle ferdigpakka produkt skal merkast med næringsdeklarasjon, og at denne merkinga skal gjerast etter nye retningsliner. Mattilsynet informerer om dette på denne sida.
Den nye forskrifta finst ikkje på norsk enno, men her finn du  den danske versjonen. For den som ikkje allereie er pålagt merking med næringsdeklarasjon, eller gjer det frivilling, gjeld ikkje det nye kravet om merking (i artikkel 9) før frå 13. desember 2016. Ikkje ferdigpakka produkt treng ikkje merkast med næringsdeklarasjon (artikkel 44), og det ser òg ut til at produkt frå lokalmatmedrifter som berre har registrering for lokalt sal er unnteke frå det nye kravet (bilag V, punkt 19).
For å bestemme næringsinnhaldet kan ein ta analysar av produkta, eller ein kan berekne næringsinnhaldet, t.d utifrå oppskrifta. Ystarorganisasjonar i heile Europa jobbar no for å finne ut korleis dei skal oppfylle merkekrava for handtverksprodukt kor næringsinnhaldet naturleg nok varierer ganske mykje. Norsk Gardsost tek sikte på å lage rettleiingsmateriell om korleis næringsinnhaldet kan bereknast i god tid før forskrifta trer i kraft, i samarbeid med den europeiske gardsystarorgansisjonen.

(Først publisert 6. mars 2014 )