20. mar. 2014

Jordbruksforhandlingane 2014

Skal vi nå dei overordna måla i norsk jordbruk, med aktivt jordbruk over heile landet, er det avgjerande at vi fortsatt har ei offensiv satsing på lokal foredling av råvarene frå landbruket. Dette er ei motkraft mot dei store strukturendringane vi ser i det tradisjonelle jordbruket.  Norsk Gardsost har i dag ca. 130 aktive produsentmedlemmar.  Med eit kvalitetsnivå som er fullt på høgde med importost frå Europa, er det stor interesse frå både butikkjedene og Horeca, og det er plass til fleire nye produsentar.  I tillegg til at vi skapar mangfald i ostediskane og på restaurantborda, er gardsysteria eit viktig opplevingstilbod for norske og utanlandske turistar. Denne viktige delen av norsk landbruk må få auka fokus i dei komande forhandlingane.
 

Økonomi i det tradisjonelle jordbruket
Grunnlaget for auka satsing på lokal foredling, er ein sunn økonomi i primærjordbruket. Alle gründerar treng eit økonomisk fundament. Er det ikkje økonomi i det tradisjonelle jordbruket, er det svært krevjande å bygga opp ny verksemd på ressursane frå garden.'
Norsk Gardsost
Organisasjonen Norsk Gardsost har drive sin aktivitet med små ressursar. På trass av dette er denne organisasjonen ein hjørnestein i det viktige bygdeutviklingsarbeidet. Mange av dei etablerte gardsysteria i dag hadde ikkje eksistert utan denne organisasjonen. Ei betre grunnfinansiering av drifta, vil vera ei god investering for yste-Noreg. Organisasjonen får i 2014 eit tilskott på 250 000,- frå LMD sitt budsjett,  KAP. 1138 POST 70, støtte til organisasjonar. Med eit så lavt driftstilskott er det ikkje økonomisk handlingsrom til å ha ein tilstrekkeleg administrasjon i organisasjonen. 

Omsetningsavgift
Gardsysteria betaler inn omsetningsavgift  på lokalt foredla mjølk, sjølv om den einskilde bedrifta har alt ansvar med marknadsføring og omsetjing av sine eigne produkt. Ved forhandlingane i 2013 var det eit krav frå jordbruket at det burde vera fritak for denne avgifta på lokal foredling. Jordbruket fekk ikkje gjennomslag for dette i 2013. NG meiner at vi godt kan behalda omsetningsavgifta, dersom vi får finansiert tiltak innanfor den sektoren vi representerer. Det er stort behov for midlar, både til faglege tiltak og generisk marknadsføring for gardsost. NG vil i 2014 fremma saker for omsetningsrådet med forslag til faglege tiltak som kan finansierast med tilskott frå omsetningsrådet. NG har arrangert Landsutstilling for Gardsost kvart andre år. Dette arrangementet er god marknadsføring av lokalt foredla ost, og bør også vera eit tiltak som kan få tilskott frå denne potten.

Rettleiingsapparatet
Det er også heilt avgjerande å ha eit godt rettleiingsapparat. Det er kompetansen frå kurs på forskjellige nivå i regi av Norsk Gardsost og kompetansenava  Vest- og Midt-Norge, som er grunnlaget for svært mange av dei små ysteria som er bygd opp dei siste 10 - 15 åra. Det er viktig at apparatet som skal hjelpa gründerbedriftene opp og fram har tilstrekkeleg finansiering. NG har eit svert tett samarbeid med kompetansenavet i Vest, og også navet for Midt-Noreg. Vi er heilt avhengig av at dette fungerer. Saman tilbyr vi kurs og studieturar, og gjennom dette nettverket blir viktig kompetanse henta inn til Norge, frå land som har sterkare tradisjonar for småskala mjølkeforedling.
Også Innovasjon Norge er viktig, med etablerarkurs, bedriftsutvikling og vekstfinansiering. Det er viktig at pengebruken blir kanalisert dit den har størst verknad. 

Grühne Woche
Den store satsinga på den norske delegasjonen til Grühne Woche i Berlin, kostar meir enn den smakar. For desse millionane kunne vi skapt langt meir bygdeutvikling gjennom aktivitetar i Noreg. Når totalrammene til bygdeutvikling blir redusert, er dette ein post som vi godt kan redusera, utan at det vil ha dramatisk negativ effekt. Dette har utvikla seg til å bli ein møteplass for norske landbrukstoppar, med god dekning i norske media. Ein slik arena burde det vera muleg å etablera i Noreg, til ein langt lågare kostnad.