24. feb. 2014

Årsmelding 2013

ÅRSMELDING FOR ARBEIDSÅRET 2013


Til årsmøtet på Skjetlein 11. mars 2014


Styret har hatt fylgjande samansetjing:
Leiar:            Sigurd Avdem, Oppland
Nestleiar:        Bitten Brennhovd, Buskerud
Styremedlem:        Knut Åland, Nordland
            Anne Karin Hatling, Sogn og Fjordane
            Gunnar Waagen, Møre og Romsdal
1. vara            Anne Marie Sando, Buskerud
2. vara            Barbro Stordalen, Telemark
3. vara            Mabel Owren, Troms




1. vara møter fast i styremøta. Styret har hatt fire fysiske styremøte og tre telefonmøte og behandla 56 saker. Årsmøtet 2013 vart halde på Torbjørnrud hotell på Jevnaker. Fagprogram  og festmiddag var arrangert i samarbeid med Hanen.
Hovudfokus dette året har vore planlegging og gjennomføring av Landsutstillinga. Eit ressurskrevjande arrangement. Vi valde denne gongen å samarbeida med Dyrsku’n i Seljord. Ei flott mulegheit til å profilera norske gardsostar, men også krevjande å vera ei lita brikke i eit så stort arrangement.
LANDSUTSTILLINGA 2013
Norsk Gardsost arrangerte si 7. landsutstilling under Dyrsku’n i Seljord. Det vart tildelt 14 gull, 25 sølv og 27 bronse. For kvar landsutstilling ser vi at både kvalitet og volum stig. Det viser at norske produkt er heilt på høgde med utanlandske ostar. Vi viser ellers til fyldig reportasje om landsutstillinga i medlemsbladet GardsOsten nr. 2/13.
Landsutstillinga er det viktigaste Norsk Gardsost driv med. Her kan alle, både etablerte og ”kjøken”-ystarar få sine produkt evaluert av ein fagjury og på den måten få med seg verdifulle kommentarar om produkta sine. Landsutstillinga er også et svært stort løft for organisasjonen, både ressursmessig og økonomisk. Landsutstillinga har alternert rundt omkring i landet, dette for å nå så mange av produsentane og publikum som muleg. Vi har som kjent ingen administrasjon, men eit arbeidande styre. Vi er difor heilt avhengig av ein teknisk arrangør, som denne gongen vart Dyrsku’n. Og det vil også si at vi må finne opp krutet kvar gong, og alle har forskjellige innfallsvinklar til arrangementet. Det er arbeidskrevjande og mykje tid går til spille. Publikumsmessig var dette arrangementet en suksess, der ca. 80 000 menneske var innom dei dagane arrangementet varte. Og det var difor ein eineståande sjanse til å vise fram alle dei flotte produkta og også få nye kundegrupper i tale.
Etter årets arrangement ser difor Norsk Gardsost et stort behov for å drøfte arrangementet med medlemmane, og har difor sett det opp som sak på årsmøtet. Det er mange spørsmål; skal vi ha det som nå, eller satse på ein fast arrangørstad. Og kvar skal det i så fall vera? Kva med økonomien, korleis skaffe nok midlar og korleis skal vi ressursmessig handtere det.
Vi vil takke Dyrsku’n for samarbeidet under årets Landsutstilling.


ORGANISASJONSUTVIKLING
NG er ein liten organisasjon, og er heilt avhengig av å samarbeida med andre. Vi har i alle år hatt eit svært godt samarbeid med Navet i Vest. Dei årlege kursa i mjølkeforedling, både for ferske og vidarekomne ystarar er heilt avgjerande for rekruttering og utvikling av denne bransjen. For å vidareutvikla kursa for vidarekomne - modulkursa - har vi søkt og fått innvilga kr. 600 000,- frå  Kompetanseutviklingsprogrammet i Landbruket (KIL). Dette arbeidet er så vidt i gang. Vi har også engasjert oss i kampen for å ta vare på Sogn jord- og hagebrukskule. (SJH) Bygningsmassen er nedsliten og Sogn og fjordane fylkeskommune teller på knappane om dei skal bygga ut eller legga ned. Vi har sendt ei fråsegn til fylkeskommunen, der vi får fram kor viktig SJH og miljøet rundt skulen har vore for framveksten av dei mange gardsysteria som er etablert dei siste åra. Konklusjonen vår er at det også er ei nasjonal oppgåve å utvikla denne skulen, og at det må til eit spleiselag. Dette resulterte også i eit oppslag i Nationen. 2014 blir eit spennande år!
Vi har også eit godt samarbeid med navet for midt-Noreg om kurs og andre arrangement. Fint å kunne legga årsmøtet dette året til «Mat på Skjetlein»!
Vi går også vidare i arbeidet med å finna aktuelle samarbeidsområder med andre organisasjonar. I 2013 hadde vi felles fagprogram og felles festmiddag med Hanen i samband med årsmøta i organisasjonane. Hanen var også invitert til styremøtet i november for å drøfta vidare samarbeid. Der ynskte vi m.a. å bli orientert om det nye medlemsregisteret til Hanen. Vi klarte ikkje å finna eit tidspunkt som passa, både for styret i NG og dagleg leiar i Hanen, som til dagleg er stasjonert i London. I 2014 blir årsmøtet samlokalisert med Norsk Seterkultur. Vi vil også setja av tid til drøftingar om samarbeid. Navet for Midt-Noreg står denne gongen for fagprogrammet.


Ein landsdekkande organisasjon som NG har stort behov for hjelp til å administrera drifta. I januar 2012 vart Gjermund Stormoen engasjert som dagleg leiar, men berre i eit engasjement på 10% stilling. Sjølv med noko meir administrativ kapasitet klarte vi ikkje å utvida dei økonomiske rammene for drifta av organisasjonen. Så i mai dette året innsåg vi at dei økonomiske realitetane var slik at vi måtte avslutta dette samarbeidet.


På slutten av året gjekk vi inn ei avgrensa avtale med Lise Brunborg som vil ajourføra medlemsregisteret vårt. Ho vil også vurdera den programvara vi brukar i dag, om den er hensiktsmessig, eller om vi skal gå over til andre løysingar.


RAMMEVILKÅR FOR NÆRINGA
Vi har gjeve høyringsuttale til SLF på omregningsfaktor for brunost. Vi har også i 2013 starta arbeidet med uttale til mattilsynet i f.t. den nye Kvalitetsforskrifta som er på tur. Uttale vart sendt innan høyringsfristen, som var 14.02.14. Vi har også engasjert oss i kampen for å berge SJH, som er svært viktig i f.t. rammevilkår for kurs og opplæring i faget vårt.
PROSJEKT
NG har teke initiativet til å få til eit prosjekt som skal lyfta statusen til PULTOSTEN. Ein av dei opphavlege norske matskattane vi har, men som har vore sett på som eit kvardagsprodukt. Gjennom dette prosjektet ynskjer vi å få meir merksemd rundt dette unike produktet, og gjennom det styrke økonomien til produsentane. På slutten av året hadde vi møter både med Matmerk, TINE v/ Ostecompaniet og Innovasjon Norge. Også ein del produsentar vart kontakta for å «lodde» stemninga. Og stemninga er god! Arbeidet med ein søknad til Innovasjon Norge vil bli sett i gang i februar -14. Dersom vi får økonomiske rammer til å setja i gang, vil vi engasjera prosjektleiar og få til ei fyrste samling for interesserte produsentar våren -14.


TAKK FOR GODT SAMARBEID!
Fyrst til Ragnhild og Pascale som syrgjer for å gje oss fagleg påfyll gjennom kurs, studieturar og nyttige artiklar i Gardsosten! Og som regel svarar dei også på telefonen når vi ringer og treng hjelp til å løysa eit akutt problem! Og ein ekstra takk til Pascale som også skaffar oss det vi treng av kulturar, løype og utstyr i det daglege, gjennom drifta av Ystebui.
Kompetansenava fortener også stor takk for all hjelp og tilrettelegging av kurs og andre arrangement!
Også dette året har det kome ut to flotte nummer av Gardsosten. Takk til Una og Øystein som med stort engasjement gjev oss eit medlemsblad med eit kvalitetsnivå som langt større organisasjonar misunner oss!
Og sist, men ikkje minst: Ein stor takk til kasserar Sigurd Brennhovd som med stødig hand held styr på økonomien vår!


Februar 2014
Styret i Norsk Gardsost



Sigurd Avdem         Bitten Brennhovd        Gunnar Waagen


Anne Karin Hatling        Knut Aaland