4. feb. 2014

Kvalitetsforskrifter på høyring

Mattilsynet gjennomfører no høyring fordi osteforskrifta, smørforskrifta og mjølkevareforskrifta skal reviderast. Spiseisforskrifta er føreslege oppheva. Høyringsdokumenta finn du her.
Dei gamle forskriftene finn du her: mjølkevareforskrifta, osteforskrifta, smørforskrifta og spiseisforskrifta.
Revisjonen kjem i samanheng med at det blir innført krav om merking med næringsdeklarasjon frå desember 2016, og da ser ein det som unødvendig å ha produktnemningar med visse krav til innhald, i tillegg til at innhaldet står på baksida av produkta. 
For spiseis sin del, inneber dette at visse krav om innhald i is forsvinn. Den europeiske bransjestandarden til Euroglaces vil bli delvis retningsgivande for kva som er en korrekt varenemning og kva som er villeiande merking og marknadsføring.  Iskrem kan i følgje desse retningslinene innehalde plantefeitt, det er ikkje mogleg med noverande norske regelverk. Mjølkeis skal ha minst 2,5% mjølkefeitt, 6% anna mjølketørrstoff og kan ikkje innehalde andre typar feitt og protein enn frå egg, mjølk og gelatin. Dairy Ice cream – på norsk truleg fløteis, må innehalde minimum 5% mjølkefeitt, og kan ikkje ha anna protein og feitt enn frå mjølk, egg og gelatin. Du kan sjå retningslinene frå Euroglaces her.
I den gamle isforskrifta, skal fløteis til samanlikning innehalde minst 10 vekt% mjølkefeitt og minst 35 vekt% tørrstoff. Ein liter av produktet skal vega minst 500 gram. Is med mellom 4 og 10 vekt% mjølkefeitt, heiter mjølkeis. Produktet skal innehalde minst 27 vektprosent tørrstoff, og ein liter av produktet skal vega minst 500 gram. 
Det er ikkje lett å tenkje seg konsekvensane av endringa. Forbrukaren blir meir ansvarleg for å finne fram til, og velje den kvaliteten han ynskjer. Produsentane vil heilt klart bli friare til å utvikle nye produkt. Samstundes vil dei som vel å bruke rikeleg med dyre mjølkeingrediensar bli mindre beskytta mot konkurranse.  

Om nokon har synspunkt på endringane, ber vi om tilbakemelding snarast. Høyringsfristen er allereie 14. februar, og vi vil gjerne ha innspela i god tid før det, slik at vi kan samanstille eit høyringssvar frå Norsk Gardsost til Mattilsynet. Innspel kan du sende til Ragnhild Nordbø.