20. okt. 2013

Foredling mjølk - framtidsutsikter

Velkommen til samling for deg som er interessert i mjølkeforedling, likar ost eller er nysgjerrig på om det er liv laga å foredle mjølk i Sogn og fjordane.

Vi får besøk av Eiker Gårdsysteri a/s som er 10 år i år. Og får høyre deira bedriftshistorie, erfaringar og tankar om framtida.
Gloppen Hotell presenterer ost som dei brukar på sin meny. Vi får smake på eit rikt utval av ostar frå heile landet. Norsk Gardsost si landsutstilling er annakvart år og vart arrangert i September 2013 på Dyrskuen. Smak derifrå. Og vi får sjølvsakt innsyn i stølsdrifta i Indre Sogn, kurs og mogelegheiter for ostefagleg utdanning ved Sogn Jord- og Hagebruksskule / Ressurssenter

Program:
kl. 09.45 oppmøte ved Tine Meierier Byrkjelo i kantina.
Orientering om drifta ved Tine meierier Byrkjelo og distiribusjonsordninga til Tine.
Ca kl. 11.30 Besøk til Fjellestad Gardskjøken.
kl. 13.00 lunsj på Gloppen Hotell
kl. 14.00 Seminar startar (mulig å hoppe på seminaret for dei som ikkje kan delta heile dagen)
kl. 17.00 slutt.

Pris kr 300,-

Velkommen til ein spennande dag i osten sitt rike!
Påmelding til: http://landbrukskurs.no/kurs/mjolkeforedling/
Eller på tlf til Sogn Jord- og Hagebruksskule 57632650
epost: paamelding.sjh@sfj.no

Helsing Fykesmannen i Sogn og Fjordane, Kompetansenavet Vest og Innovasjon Norge Sogn og Fjordane