13. sep. 2013

Resultat frå landsutstillinga for gardsost

 Ronny Sterten og Barbro Stordalen
Geiterjome frå Stordalen gardsbruk vart årets produkt. Vi gratulerer Barbro Stordalen, Ronny Sterten og gode hjelparar med heimesigeren! Om lag 150 produkt vart stilt ut totalt, og kvaliteten var betre enn nokon gong. Utstillinga var det mogleg å få sjå under Dyrsku'n i Seljord 13.-15. september.

I denne konkurransen heng medaljane høgt. Sjølve bedømminga var på torsdag 12. september. Og dommarane delte ut medaljar etter desse kriteria
Gull: produkt som verkeleg skil seg ut som særs vellukka og særprega både i smak og andre eigenskapar. I ein klasse for seg, ein kan vanskeleg tenke seg noko betre i denne kategorien av ost/mjølkeprodukt
Sølv: i tillegg til at produktet er meir enn vanleg godt, har det ein karakter, som skil det frå andre produkt og gjer det til ein god representant for matmangfaldet vårt.
Bronse: god, ”feilfri” smak, men ikkje noko særpreg som skil produktet spesielt frå vanleg gode mjølkeprodukt. 

Her finn du heile premielista
Eivind Haalien, Bodil Birkeland, Ruth Uhlving og Sigurd Avdem.