20. jun. 2013

Invitasjon til Landsutstillinga for Norsk Gardsost 2013 på Dyrsku’n!


Landsutstillinga for Norsk Gardsost blir arrangert på Dyrsku’n i år. Dyrsku’n i Seljord er landets største landbruksutstilling og folkefest med 80 000 besøkande.  Kortreist mat er blitt en viktig del av arrangementet og Norsk matglede på Dyrsku’n er eit populært innslag med 80 matutstillarar, matprogram og konkurransar.
Konkurransedagen blir torsdag 12. september og utstillinga blir vist under Dyrsku’n 13.- 14. september.
Produktkonkurranse
Ysteri som foredlar under 500.000 liter mjølk pr. år, kvar mjølka ikkje er transportert meir enn 50 km, kan delta. Evt. andre mjølkeingrediensar enn lokalprodusert mjølk (for eksempel fløte), skal ikkje utgjøre meir enn 5 % av totalvekta av mjølkeingrediensane.
Se vedlagt påmeldingsskjema for klasser.
Kvar klasse blir bedømt av en jury som er satt saman av en ysteteknolog, en kokk og en forbruker med god kjennskap til ost. Gull, sølv og bronseplassering skjer etter ei heilhetsvurdering av osten, og fleire ostar i kvar klasse kan få premiering. Den beste osten i kvar hovudklasse går vidare til kåring av årets ost. Resultata blir kunngjort og det blir utdeling av diplom og premier på utstillingsdagen fredag 13. september  
Bruk gjerne vedlagte påmeldingsskjema og returner oss enten med e-post eller pr. post.
Påmeldingsfrist er 10. august 2013.

Meir informasjon om utstillinga finn de på:
www.norskgardsost.no og www.dyrskun.no
Ønskjer du utstillarplass på Dyrsku’n i matkvartalet så ring utstillaransvarleg Annette på  
telefon 35 06 57 72.