20. jun. 2013

Festmiddag for utstillarar i Matkvartalet og deltakarar i Landsutstillinga for Norsk gardsost

Tida for årets Dyrsku’n nærmar seg og vi reknar med at også de er i full gang med førebuingane. Vi jobbar for at Matkvartalet og Norsk Matglede på Dyrsku’n skal bli ei positiv oppleving både for dykk som utstillar og for alle våre besøkande. Som i fjor vil vi sette opp ein pris for ”årets matutstillar”. Ein kvalifisert jury skal vurdere produkt, smak, utsjånad, tilgjengeleghet og heilhet og velje ut ein verdig vinnar av prisen, som er eit diplom av Borghild Telnes. 

I samband med prisutdelinga, vil vi skipe til ein festmiddag på Stuten kafè i Husdyrhallen fredag kveld. 3-retters menyen som blir servera, vil sjølvsagt bli sett samen av lokale råvarer. Tilsvarande samankomst i fjor var ein suksess med god mat og mykje latter. Vi håpar at flest mogleg av dykk har høve til og vere med på årets arrangement.For at vi skal kunne førebu oss godt med dekking og matlaging, ber vi om ei tilbakemelding om kor mange som kjem. De kan sende oss ein mail på post@dyrskun.no eller ringe oss på tlf 35 06 57 70 innan 6.september.

Festmiddag fredag 13.9. kl 21.00 – 24.00
Stuten Kafè – 2. høgda på Husdyrhallen
3-rettars middag
Pris – kr 300 pr prs inkl drikke til maten

Velkomen!