28. jun. 2012

FRANKRIKEs FREMSTE YSTETEKNOLOG PÅ BESØK I NORGE!

Bernard Mietton har vore den fremste ysteteknologen i Frankrike i ein mannsalder med base ved ystehøgskulen i Poligny, i Comté-land. Han har svært høg stjerne i Frankrike og er vanskeleg å få møte, det har eg prøvd nokre gonger utan å få det til.
No var eg freidig nok til å invitere ham til Norge og han sa JA! Det er heilt fantastisk! Spesielt når hans arvtaker sier han ikkje reiser så mykje rundt lenger og tilbyr meg å koma han også.
Men det får bli ein annan gong.
Dette organiseres som ein besøksordning på Vestlandet, I Bergen og Undredal, men eg tykkjer fleire skulle få dela dette flotte høve til å møte ein spesialist av eit slikt kaliber og inviterer difor til 2 ulike opplegg for maks 6 ekstra deltakere som kan vera med på begge opplegga eller berre ein av dei. Føresetnaden for å kunne vera med er at ein anten driver ysteri eller har gått på modulkurset på SJH.

1) Måndag 20 og tysdag 21 august, 2 dagar med ysting og undervisning på Ostegården i Bergen med hovudtema bløtostysting med kvitmuggskorpe og halvfastost av pasteurisert mjølk.

2) Torsdag 23 august, 1 dags ystekurs i Undredal med hovudtema lagring av halvfast kvit geitost, ysta upasteurisert. Lagringa byrjar i kjelen, så alle tema vil bli berørt.

I tillegg til hovudtema, kan alle deltakarane sende inn spørsmål på førehand og ta med problemostar av alle slag som me kan bruka som utgangspunkt for læring.

Sjølve undervisninga er gratis for deltakarane, eigeninnsatsen vert reise, opphald og mat.

Påmelding til Pascale på mailadressa ystebui@gardsost.no

De må sjølve syte for organisering av reise, mat og opphald
Ostegården er på Fana. Næraste overnatting er Fanafjorden hytteutleige, og elles hoteller nær Flesland. Me får kanskje til å organisere eit felles måltid midt på dagen

For overnatting og mat i Undredal, kontakt Opplev Undredal, sjå http://www.visitundredal.no/

Velkomne til interessante ostedagar på Vestlandet!

Helsing Pascale

1. jun. 2012

GMO-frie råvarer

Datablad for tilsetjingar i ost (kulturar/løpe), med garanti om at dei ikkje inneheld GMO-råvarer finn du no her. Slik garanti på innsatsfaktorane er naudsynt for dei som driv Debio-godkjent produksjon.