22. mar. 2012

Nettverket for europeiske gardsystarar held møte i mai


Velkomen til det fjerde møtet i det europeiske nettverket for gardsostystarar og den europeiske kongressen “Mattryggleik i småskalaysteri”. I byrjinga av mai blir det fjerde møtet i det europeiske nettverket for gardsostystarar heldt i Zafra (Extremadura, Spania). Dette året vil ein samle produsentar, rettleiarar og tilsynsfolk frå europeiske land til eit felles mål: å dele kunnskap og samarbeide om mattryggleik i småskala ysteri. Sjå her for informasjon og påmelding. Ta kontakt med oss om du vil vera med, for planlegging av felles reise.

19. mar. 2012

Regelverk for småskala mjølkeforedling

Her finn du dei viktigaste forskriftene som regulerer mattryggleik og merking av produkt frå småskala mjølkeforedling.  
Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova). .Lova som ligg til grunn for alle matforskriftene.
Hygieneforskrifta Gjeld alle verksemder, inneheld ein nsajnal del og sjølve EU-forordninga H1
Animaliehygieneforskrifta Gjeld m.a. mjølkeforedlingsverksemder, inneheld ein nasjonal del og sjølve EU-forordninga H2. Artikkel 1-7, samt vedlegg II og vedlegg III avsnitt IX er om mjølkeforedling
Animaliekontrollforskrifta Reglane for korleis Mattilsynet skal arbeide, inneheld ein nasjonal del og sjølve EU-forordninga H3
Mikrobiologiske kriterie for næringsmidler Grenseverdiar for innhald av uønska mikroorganismar og tiltak viss ein har for mykje av dei
Drikkevassforskrifta Inneheld krava som blir stilt til vatn som skal brukast til drikkevatn og vassforsyning til foredlingsverksemder
Merkeforskrifta Krav til kva merking som skal brukast på produkta
Lotmerkingsforskrifta Krav om merking slik at ein kan knytte ei vare attende til produksjonsparti
Matlovsforskrifta Forskrift om almenne prinsipp og krav i næringsmiddelregelverket. Krav om å kunne spore varer att og fram i verdikjeda
Tilsetningsstofforskrifta Definisjonar på ulike typar tilsetjingsstoff, sjølve lista over tilsetjingsstoff finn du på www.mattilsynet.no
IK-mat-forskrifta Krav om internkontroll i verksemdene. Må sjåast i samanheng med krav om HACCP i hygieneforskrifta.
Matkontaktforskrifta Inneheld krava som stillast til emballasje og overflater som skal vera i kontakt med mat
Mjølkevareforskrifta Om klassifisering og merking av ulike konsummjølktypar
Osteforskrifta Om tilvirking, merking og omsetning av ost
Smørforskrifta Om tilvirking, merking og omsetning av smør og smørfett

Statens landbruksforvaltning og kvotereglar

Ved lokal foredling av mjølk, skal ein søkje om fritak frå overproduksjonsavgift, samt rapportere inn omsetning for berekning av avgifter og tilskot. Ny forskrift om kvoteordninga for mjølk tredde i kraft 1. januar 2012, og ho finn du her. SLF har laga ei kortfatta oppsummering av kva det nye regelverket betyr i praksis, ho finn du her. Ein god oversikt over reglane som gjeld om kvote, tilskot, omsetning og liknande finn du i Rundskriv 44/11 frå SLF. Informasjon finn du hjå SLF.

10. mar. 2012

Ny prisliste frå Ystebui

Prisane er sett meir eller mindre opp sidan sist. Prisane på lista gjeld for “ikkje medlem”. Medlemer i Norsk Gardsost får framleis 20% rabatt og støttemedlem 10% rabatt. Prislista ligg her

Seterveileder

Informasjon og lenker til det meste som har med setra og gjøre - setervang, bygningsrestaurering, dyrehelse, vertskapsrollen, salg og videreforedling, regelverk, beite i utmark, vann og avløp mm. Veilederen inneholder også fem filmer fra forskjellige setre i Norge, og omhandler tema som reiseliv, vertskap, UV-filtrering av vann, oppstart av setring, ostkoking mm. Klikk deg inn på www.oppdal.kommune.no/seterveileder og drøm deg bort i seterlandet. Snart er det sommer og setersesong igjen ..........