19. mar. 2012

Statens landbruksforvaltning og kvotereglar

Ved lokal foredling av mjølk, skal ein søkje om fritak frå overproduksjonsavgift, samt rapportere inn omsetning for berekning av avgifter og tilskot. Ny forskrift om kvoteordninga for mjølk tredde i kraft 1. januar 2012, og ho finn du her. SLF har laga ei kortfatta oppsummering av kva det nye regelverket betyr i praksis, ho finn du her. Ein god oversikt over reglane som gjeld om kvote, tilskot, omsetning og liknande finn du i Rundskriv 44/11 frå SLF. Informasjon finn du hjå SLF.