22. mar. 2012

Nettverket for europeiske gardsystarar held møte i mai


Velkomen til det fjerde møtet i det europeiske nettverket for gardsostystarar og den europeiske kongressen “Mattryggleik i småskalaysteri”. I byrjinga av mai blir det fjerde møtet i det europeiske nettverket for gardsostystarar heldt i Zafra (Extremadura, Spania). Dette året vil ein samle produsentar, rettleiarar og tilsynsfolk frå europeiske land til eit felles mål: å dele kunnskap og samarbeide om mattryggleik i småskala ysteri. Sjå her for informasjon og påmelding. Ta kontakt med oss om du vil vera med, for planlegging av felles reise.