23. feb. 2012

Vedtekter for Norsk Gardsost

Organisasjon for bevaring og vidareutvikling av norske tradisjonar for lokal handverksmessig foredling av mjølkeprodukt.

1.Skiping
Det vert skipa ein organisasjon for bevaring og utvikling av Norske tradisjonar for lokal handverksmessig foredling av gards- og stølsprodukt av mjølk.  Organisasjonen har føremål og lover slik det går fram nedanfor og får namnet NORSK GARDSOST.

2.Føremålet til organisasjonen er :
- Sameine medlemane sine krefter i arbeidet med å fremje vidareføring, bevaring og utvikling av ein mangfaldig Norsk tradisjon innan handverksmessig foredling av mjølkeprodukt tufta på lokalt tilpassa; ressursutnytting , produksjonsprosess og produkt med mogelegheiter for ein tilfredsstillande økonomi.
- Organisera kurs, fagdagar , seminar, fagfora og andre tiltak som kan fremje fellesskap og fagleg utvikling i næringa.
- Arbeide for å få etablert ei god rettleiingsteneste og eit fagleg ressurssenter
- Samarbeide med aktuelle myndigheiter om utvikling av ein tenleg offentleg politikk for denne næringa og godt tilpassa regelverk for produksjon og sal med utgangspunkt i produkta sitt særpreg.
- Fremje forståing hjå og samarbeid med meierisamvirket for å setje handverks -produksjon  med lokalt særpreg inn i ein aktiv strategi som tener fellesskapet.
- Oppmuntre forståing for og utvikling av det særeigne for denne produksjonsforma politisk og kulturelt.
- Fremje interesse for og kunnskap om produkta hjå forbrukarane.
Syte for at forbrukaren kan skilje handverksprodukt frå etterlikningar slik at marknadsnisja for produkta ikkje vert øydelagt.

3.Kontorstad

Organisasjonen sin kontorstad vert fastsett av styret

4.Medlemssamansetnad

Aktive produsentar og personar/organisasjonar kan vera medlemar i Norsk Gardsost med fulle rettar og plikter i samsvar med vedtektene og retningslinjer vedtekne i medhald av desse. For aktive produsentar må medlemsskapet knytast til garden eller føretaket, som  har 2 medlemer og røystar kvar.
Medlemar som ikkje er aktive produsentar, må støtta føremålet til laget, og har rettar og plikter i høve til vedtektene og vedtekne retningslinjer. Dei som ikkje er produsentmedlem har kun ei røyst på årsmøtet.
Medlemspengar vert fastsett av årsmøtet.

5.Tap av medlemskap.
Medlemskapet opphøyrer ved :
-utmelding
-manglande betaling av medlemspengar
-eksklusjon grunna verksemd som er til alvorleg skade for organisasjonen sitt føremål eller gjentekne klare brot på organisasjonen sine retningslinjer.
Vedtak om eksklusjon vert  tekne av styret etter at medlemen har fått seg føderalt saka skriftleg og fått høve til å uttale seg. Eksklusjonsvedtak kan ankast til Årsmøtet.

6.Styret si samansetjing.
Den daglege drifta av organisasjonen vert leia av eit styre på 5 medlemar, samansett av leiar, nestleiar og 3 styremedlemar med 3 varamedlemar i rekkjefylgje.
Styremedlemar vert valt av årsmøtet mellom organisasjonen sine medlemar for 2 år om gongen.  Leiar og nestleiar er på val kvart år.
Dei tre varamedlemene velgast for eitt år om gongen. Minst 2/3 av styret skal vera aktive produsentar.

7.Styret si verksemd.
Styret er ansvarleg for den daglege verksemda i organisasjonen og skal sjå til at denne vert utført i samsvar med arbeidsplan og budsjett  vedteke av årsmøtet. Styret skal ta initiativ i samsvar med laget sitt føremål. Styret vert kalla saman av leiar etter behov eller når minst 3 medlemar krev det.
Vedtak vert fatta med vanleg fleirtal. Ved likt stemmetal har leiar dobbelt stemme.
Styret skal til vanleg kallast inn med minst 10 dagars varsel.
Styret er vedtaksført når 3 av medlemane er til stades .

9.Årsmøtet.
Årsmøtet er samansett av alle medlemane i laget.
Årsmøtet skal haldas innan utgangen av april og kallas inn med minst 14 dagars varsel.
Innkallinga skal innehalde sakliste med tilrådingar frå styret. Saker medlemane ynskjer å fremje for årsmøtet må vera sekretariatet i hende 1 mnd før årsmøtet.
Årsmøtet skal handsame:-Styrets si årsmelding
-
Rekneskap
-
Styret sitt framlegg til arbeidsplan og budsjett
-
Val av leiar, nestleiar og styremedlemar med 3 varamedlemar i rekkefylje.
-
Val av valnemnd på 3 medlemar. Valnemnda gjer også framlegg til styrehonorar.
-
Val av registrert revisor.
-
Andre val
-
Retningslinjer for krav til medlemskap-Retningslinjer for produksjon og omsetning eller avtalar med myndigheiter eller andre organisasjoner som forpliktar medlemane i organisasjonen.
-
Retningslinjer for bruk av laget sitt merke
-
Saker etter pkt. 12.

10.Bruk av laget sitt namn og merke.
Namn og merke tilhøyrer laget og kan ikkje brukast på forretningsdokument , etikettar eller på annan måte utan at dette skjer i samsvar med vedtekne retningslinjer.

11.Ekstraordinært årsmøte.
Styret eller 1/4 av medlemane kan krevje  ekstraordinært årsmøte.

12.Endring av vedtektene/ oppløysing.
Vedtektene kan endrast av årsmøtet med 2/3 av dei møtande stemmene. Endringa må bekreftast av påfylgjande årsmøte med vanleg fleirtal.

Vedtektene er vedtekne på skipingsmøtet den 3. mai 1997.
Endra på årsmøte 1999, 2000, 2008 og 2011