23. feb. 2012

Rå mjølk


Litt informasjon om rå (upasteurisert) mjølk

Organisert omsetning av rå/upasteurisert mjølk er ikkje lovleg i Noreg, men tilfeldig sal er lovleg. Dette kjem av § 21. i Animaliehygieneforskrifta: "Krav til omsetning av melk og fløte beregnet på direkte konsum: All melk og fløte som omsettes til konsum, skal være varmebehandlet. Som unntak fra dette kravet, kan det fra gård eller seter omsettes rå melk og rå fløte direkte til forbruker for bruk i egen husholdning. Dette unntaket gjelder bare dersom omsetningen skjer tilfeldig og ikke har preg av butikksalg. "

Regelverket har vore under omarbeiding i fleire år no, og det ligg an til ei oppmjuking av regelverket. Det hye regelverket var på høyring i 2008. Norsk Gardsost samla da mykje informasjon om rå mjølk. Høyringssvara til Norsk Gardsost og andre om saka finn du hjå Mattilsynet. Det er framleis mogleg å skriva under på underskriftskampanjen vi starta i samband med høyringa.

Kjøp og sal av ost og andre produkt av rå mjølk er tillatt. Da gjeld det som for all annan matproduksjon, at kvaliteten skal sikrast i alle ledd i produksjonen. Nokre gardsysteri lagar ost av pasteurisert mjølk, og nokre av upasteurisert mjølk. Mange faktorar speler inn på kva som passar best for det enkelte ysteri.

Forskarkonferanse om rå mjølk i Praha i 2011. Raw milk health or hazard - rapporten kan du lesa her.

Amerikansk forsking har vurdert risikoen ved konsum av rå mjølk: Weston A. Price

Slow food arbeider mykje med rå mjølk, og har laga ei eiga infoside som tek opp mange aspekt om rå mjølk og råmjølksbaserte produkt. Her finn du også ei oversikt over regelverk som gjeld for omsetning av produkt basert på rå mjølk i ulike land.