23. feb. 2012

Prosjekt


Nasjonale retningsliner for småskala mjølkeforedling

Nasjonale retningsliner for småskala mjølkeforedling er eit prosjekt kor Norsk Gardsost har utvikla retningsliner for god hygienepraksis og gjennomføring av HACCP i småskala mjølkeforedling. Retningslinene er no ferdige og anerkjent av Mattilsynet. Retningslinene blir formidla på kurs i lag med Hanen, som har laga tilsvarande retningsliner for kjøtforedling, sjå kurskalenderen.  


AVSLUTTA PROSJEKT:

Økonomiprosjektet
Prosjektet er eit samarbeid med Innovasjon Norge og mastergradsstudent Synne Qvenild ved UMB. Det skal gjennomførast ei kartlegging av økonomien i verksemder som driv med lokal foredling av mjølk. Målet er at ein skal få eit klarare bilete 2 av kva faktorar som verkar inn på økonomien i verksemdene, og dermed gje eit grunnlag for å forutsjå korleis økonomien blir ved nyetableringar og endringar. Eit utdrag frå rapporten frå prosjektet var presentert i GardsOsten 2-2012

Safe Cheese
Safe Cheese er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Gardsost, Nofima og forskingsinstitusjonar og ysteri i andre europeiske land. Prosjektet har undertittelen "A barrier for protection of pathogenic bacterial growth in cheese from non-pasteurised milk". I prosjektet leitar vi etter bakteriekulturar som kan hemme vekst av uønska bakteriar i ost. Vi har no funne fram til kulturar som ser lovande ut, og det er høve til å teste dei ut i eigen produksjon. Dersom du har spørsmål om prosjektet, kan kontakte Cathrine Finne Kure på 64 97 01 00 eller safecheese@nofima.no.
Her er presentert ein del resultat frå prosjektet
.

Nordostprosjektet
Prosjektet var eit samarbeid mellom næringsmiddeltilsyna og bransjeorganisasjonane i dei nordiske landa. Prosjektet var sett i gang av Livsmedelsverket, for å få til eit betre tilsyn og kontroll med småskala mjølkeforedling. Rapportane frå prosjektet er først og fremst meint som vegleiar for tilsyn, men er òg nyttig for produsentar i forhald til arbeid med HACCP, prøvetakingsplanar, dokumentasjon og kvalitetssikring.

Kompetanseutviklingsprogram for Norsk Gardsost
Programmet var finansiert over kompetanseutviklingsprogram i landbruket (KIL) og gjekk over 3 år, fra 2008-2010. Formålet var ei kartlegging av behov hos småskala mjølkeforedlarar innan områda

a Organisatoriske utfordringar ved lokalbasert og handverksmessig verksemd.
b Produksjonsteknikk sett i lys av lokale fordelar, skilnader og tradisjonar.
c Kulturbaserte behov lokalt sett i lys av andre behov.

Medlemer og potensielle medlemer i Norsk Gardsost var målgruppe. Prosjektleiar var landbruksøkonom Marianne Westby,  tel 99707301