23. feb. 2012

HACCP

HACCP er "fareanalyse og kritiske styringspunkt". Det er ein metode for å gå gjennom produksjonen sin systematisk og vurdere kor ein har svakheiter der farar (i produkta) kan oppstå. Ein skal så dokumentere kva ein gjer for å førebygge og overvake slike farar. Norsk Gardsost har laga Nasjonale retningsliner for småskala mjølkeforedling. Dette er ein vegleiar for god hygienepraksis og gjennomføring av HACCP i handtverksmessig foredling av mjølk. Det er laga til fareanalysar for ei rekkje aktuelle produkt, og beskrivelsane må tilpassast slik at det stemmer med slik som ein gjer det i praksis. Kanskje finn ein òg ut at ein må gjera små endringar i produksjonen, for å  gjera produkta enda tryggare. Retningslinene er anerkjent av Mattilsynet. Produsentmedlemar i Norsk Gardsost får retningslinene, andre kan kjøpa dei. Vi held kurs i bruk av retningslinene. Sjå kurskalenderen.