22. feb. 2012

Årsmøte i Norsk Gardsost 13. mars 2012 i Steinkjer

Saksliste:
1.Val av møteleiar og 2 til å underskrive protokollen 
2.Godkjenning og innkalling av saksliste 
3.Årsmelding. Innstilling frå styret finn du her 
4.Rekneskap. Årsrekneskap finn du her. Revisjonsmeldinga finn du her 
5.Budsjett 
6.Arbeidsplan. Debatt om framtidsperspektivet til Norsk Gardsost. V/Gjermund Stormoen. 
7.Innkomne saker. Styret har forslag om å auke kontingent for støttemedlem til kr 350. 
8.Val etter vedtektene. Barbro Stordalen, Knut Åland og Bitten Brennhovd er på val. Det skal veljast leiar, nestleiar og 3 varamedlemer i nr.rekkefølge: Anne Karin Hatling, Gunnar Waagen og Mabel Owren har vore innvalde for 1 år.
Leiar for valnemnda er Ruth Uhlving tlf. 951 38 815

Innkomne saker som skal behandlast av styret må vera Norsk Gardsost i hende seinast 13.02.12 og sendast dagleg leiar Gjermund Stormoen

Årsmelding, rekneskap, arbeidsplan og andre dokument til årsmøtet blir senda på e-post før årsmøtet, og blir også lagt ut her etterkvart som dei er klare. Dei som ynskjer å få tilsendt dokumenta, kan kontakte Bitten Brennhovd, tlf. 95251901.


Fagprogram, tysdag 13. mars
Kl. 09:00 - 10:00 Registrering og kaffe

Kl. 10:00 - 13:00 Kvalitet i ost Hva påvirker smak og konsistens i ost? På denne wokshopen får deltakerne smake på hverandres oster og diskutere fagspørsmål knyttet til ysting, lagring, modning og emballasje. Med Claes Jürss
Kl. 13:00 - 13:30 Lunsj Kl.
Kl. 16:00 - 16:45 Norgesgruppen; best på lokalmat? Eivind Haalien er nytilsett sjef for lokalmat og matspesialiteter i Norgesgruppen. Han har klare ambisjoner: - Vårt klare mål er å bli best på lokalmat og spesialiteter, sier Haalien. Kl. 16:45 - 17:30 Tradisjonsbedrift i nye klær Daglig leder ved Jens Eide AS, Hans Eide, deler sin erfaring på hvordan de har klart å bygge bro mellom strategisk og kreativ tenkning. Ny og spennende profil er et av resultatene. 
Kl. 17:30 - 18:00 Kaffepause
Kl. 18:00 - 19:30 Årets hovedforedrag - Den hemmelige kokken Mats-Eric Nilsson Kl. 19:30 - 21:30 Trøndersk tapas-aften

Bortsett frå sjølve årsmøtet, er programmet 13. mars i regi av Mat på Mære. Sjølve årsmøtet er gratis, men for kortkursa må vi ha ei avgift på kr. 250.- Faktura vert sendt. Bindande påmelding til årsmøtet og kortkursa og middag om kvelden må vera Norsk Gardsost i hende innan 20.02.12. og sendas dagleg leiar Gjermund Stormoen   (mob: 906 06 470) innan den dato.

Fagprogram, onsdag 14. mars

Ystekurs: Mozzarella, ricotta og halloumi

På årets ystekurs lærer du å lage mozzarella, ricotta og halloumi. Som vanlig blir det både nyttig teori og praksis på Gangstad gårdsysteri. Med Claes Jürss.  Både 13. og 14. går også ein del andre kurs. Desse kursa går frå 9.00-17.00 og kostar kr. 700.-. Betalast av kvar enkelt. Påmeld.frist 20.02.12 direkte til Mat på Mære, tlf. 74 17 04 30.

Det er også anledning for andre/ikkje medlemmer å vera med på kursa. 1 dag kostar kr. 900.-, for 2 dagar 1600.-, 3 dagar 2100.-. Fullstendig program for Mat på Mære

Praktiske opplysingar

Overnatting og frukost: Steinkjer Kurssenter
Prisar:
Enkeltrom med frukost kr. 700.- Betalast til hotellet
Dobbeltrom med frukost kr. 950.- Betalast til hotellet
Tapasaften kr. 250.- + drikke
Lunsj og kaffepausar blir dekt av Norsk Gardsost.
Det er reservert rom på Steinkjer Kurssenter, tlf. 74 13 75 00.
Bestillingsfrist 9. mars. Kvar enkelt deltakar bestiller direkte, og seier dei skal delta på årsmøtet i Norsk Gardsost. Ikkje bestilte rom blir avbestilt etter denne dato.


Styret i Norsk Gardsost ynskjer alle vel møtt til to trivelege dagar.