23. feb. 2012

Arbeidsplan for Norsk Gardsost 2011

Tiltaksområde 1. Ivareta småskalaproduksjon i høve til marknadsordninga, kvoteordninga m.m.
1.1 Gje innspel til avtalepartane og landbruksdepartementet med framlegg til betring av rammevilkåra.
1.2 Arbeide for månadleg utbetaling av grunntilskot til geitmjølk.
1.3 Arbeide for eit tilskot til lokal foredling av mjølk.

Tiltaksområde 2. Vidareutvikle den faglege produsentstøtta

2.1 Hjelpe medlemane i samband med produktutvikling, godkjenning og regodkjenning av verksemdene deira.
2.2 Bidra i utvikling av nasjonale og internasjonale prosjekt, og formidle resultat for å gje produsentane praktisk nytte av aktuelle prosjekt. t.d. Safe Cheese, Trygg mat, Biogas, Listeria-prosjektet.
2.3 Få Nasjonale Retningsliner i småskalaysting i bruk hjå produsentane og vidareutvikle desse.
2.4 Gje innspel til kurstilbydarar om tema for kurs.
2.5 Mobilisering av tradisjonsbærarar.
2.6 Utvikle kurs for dommarane på landsutstillinga.

Tiltaksområde 3. Vidareutvikling av tradisjonsprodukt

3.1. Halde fram arbeidet med kartlegging av mangfaldet i norske tradisjonar for mjølkeforedling.
3.2. Gjera filmmateriale frå tidlegare kartlegging tilgjengeleg.

Tiltaksområde 4. Arbeid i høve til Mattilsynet

4.1 Delta på seminar/møte/konferansar med Mattilsynet, og bistå dei i utvikling av tilsynet med verksemdene.
4.2 Arbeide for ei nasjonal faggruppe for småskala mjølkeforedling i Mattilsynet.
4.3 Gje innspel ved regelverksutvikling/høyringar som angår næringa.

Tiltaksområde 5. Nettverk

5.1 Vidareføre tidsskriftet GardsOsten.
5.2 Arbeide for større oppslutnad om NG mellom småskala osteprodusentar.
5.3 Samarbeide med andre kompetansetilbydarar. Vidareutvikle kontakt med nasjonale og internasjonale FoU-institusjonar og nettverk. 
5.4 Arrangere og vidareutvikle Landsutstillinga for gardsost.

Tiltaksområde 6. Sikre best mogleg økonomi i næringa

6.1 Samarbeide med andre organisasjonar med å vidareutvikle marknadsstrategiar for gardsprodukt.
6.2 Arbeide for å få til billegare analysar.
6.3 Arbeide for å få klarlagt og betra dei økonomiske rammevilkåra for småskala mjølkeforedling.

Tiltaksområde 7. Offentleg verkemiddelbruk

7.1 Delta i utvikling av evt offentlege strategiplanar.

Tiltaksområde 8. Organisasjonen

8.1 Arbeide for å sikre Norsk Gardsost ei langsiktig stabil grunnfinansiering.
8.2 Arbeide for best mogleg og effektiv organisering.
8.3 Delta og vera synleg på regionale og landsdekkande arrangement.